I kveld vart det arrangert eit strålande SPV Alpincup-renn i storslalåm som trakk til seg over 40 deltakarar, dei yngste heilt ned til 5-årsalderen. Det vart ein flott vinterkveld på Jølster, og forhalda i bakken var fantastiske sjølv om det blei nokon kalde tær! 

IMG 2330

 

Alle deltakarar imponerte stort, kanskje spesielt dei yngste som køyrde ned Kvamshenget lett som berre det! Her var det mykje skiglede og meistring, og det er alltid kjekt å sjå.

Jølster IL Alpin vil takke Sparebanken Vest som sponsor av alpincupen, Sogn og Fjordane skikrins for godt samarbeid og også ein stor takk til Jølster skisenter og den fantatastiske jobben som var gjort med prepareing av løypa.

Hugs og at det to skirenn i Sunnfjord i helga:


Slalåmrenn i Blomlia på Laurdag - https://isonen.no/event/clqw3n0wr0l3uo91ovfgkfrwo/

Storslalåm i Jølster på Søndag - https://isonen.no/event/clqw3xwpa0llplizv3z0q9yx7/

 

 IMG 2331

IMG 2332

IMG 2334

IMG 2335

Kommande onsdag, 07.02.2024, har Jølster IL Alpin gleden av å invitere til SPV AlpinCup i Kvamsbakken.

Det blir storslalåm i Kvamsbakken, meir informasjon og påmelding skjer via iSonen: https://isonen.no/event/clqw4hobw0lqvlizvzb05srf2/

Dette er eit renn som passar for alle, og vi håpar så mange som mogleg meld seg på!

Vermeldinga seier det blir vindstille, minusgrader og delvis skya så dette blir ein verkelig flott vinterkveld!

Førstkommande torsdag (30. november 2023) blir det klubbkveld hos Intersport Førde (Erdal Sport). Det vil vere 25% rabatt på alt skirelatert utstyr for medlemmar av Jølster Alpin, her blir det høve til å få gode råd og tips på utstyrsfronten.

Intersport loddar også ut ein skihjlem av typen Sweet Protection Switcher MIPS (Ordinær pris. 2699 kr.) blandt alle dei som møter opp. Dette er ein skikkelie kvalitetshjelm med MIPS system, med andre ord ein veldig flott premie!

Intersport har også spesialpris på ein preppepakke for ski, denne inneheld utstyr for filing og preparering av alpinski. I tillegg planlegg vi eit preppekurs i Jølster skisenter i løpet av desember, meir informasjon om dette kjem seinare.

Vi håpar å sjå deg på torsdag, oppmøte frå klokka 17.00. Vel møtt!

IMG 2022intersport forde

Årets alpinsesong er snart i gang, og vi åpnar no for påmelding for nye deltakarar.
Som i fjor vil Jølster IL Alpin i samarbeid med Enivest og Jølster Skisenter tilbyr intensiv skiskule for nybyrjarar i barnebakken på Jølster, Hauglandsheisen, og du meld deg enkelt på ved å klikke her eller i menyen til høgre!

For trening i gruppe A, B og C kan man klikke her for påmelding og meir informasjon!

Skiskule 2021 004

Nybyrjarkurs:

Vi arrangerer som i fjor skiskule for nybyrjarar og born med oppstart i januar. Skiskulen går over 6 økter fordelt på måndagar og onsdagar gjennom tre veker. Målet er at borna skal oppnå grunnleggjande ferdigheter i bakken slik at dei føler seg trygge. Det vært fokus på god svingteknikk og balanse gjennom leik i bakken. I år legg Jølster Skisenter tilrette for aktivitet i barnebakken med gratis heiskort. 

Alle som deltek på vår skiskule kan fortsette på treningane til Jølster IL Alpin resten av sesongen, dersom dei ynskjer det etter at skiskulen er ferdig. Det er diplom til alle som deltar på skiskulen.

PS: Det vil komme tilbod om kjøp av sesongkort til aktive til kampanjepris i løpet av desember.

Søndag 19. november frå klokka 17 til 19 blir det skibyttedag i varmestova i Jølster skisenter.
Ta med brukt utstyr du ikkje lenger treng, og skaff deg fint brukt utstyr til komande sesong!
 
Det blir også eit kort informasjonsmøte om komande sesong klokka 17.
 
Les meir på Facebbok:

https://www.facebook.com/events/694658119051037?ref=newsfeed

1920x1005 1

JolsterClubLogo

Vi er nå i ferd med å sende ut treningsavgifter for kommende sesong. Dette gjør vi i spond for eksisterende medlemmer. For nye medlemmer åpner vi for påmelding via deltager.no i løpet av november. Minner også om at aktive medlemmer, inkl. foreldre, kan kjøpe sesongkort til kampanjepris som er endå billegare enn "early-bird" kampanjen til skisenteret, meir informasjon om dette kjem nærmare sesongstart.

Skikrinsen sin samlingsplan for hausen 2023 er klar. Først ute er barmarkstrening på Leikanger 23.09, denne er åpen for alle aldersgrupper. Den 12.-15. oktober er det skisamling på Juvass for U10-U16. Det vert også ein barmarkstrening på Sandane 27.-28. oktober, for alle. Les meir og påmelding her: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2023/8/samlingsplan-alpint