Førstkommande torsdag (30. november 2023) blir det klubbkveld hos Intersport Førde (Erdal Sport). Det vil vere 25% rabatt på alt skirelatert utstyr for medlemmar av Jølster Alpin, her blir det høve til å få gode råd og tips på utstyrsfronten.

Intersport loddar også ut ein skihjlem av typen Sweet Protection Switcher MIPS (Ordinær pris. 2699 kr.) blandt alle dei som møter opp. Dette er ein skikkelie kvalitetshjelm med MIPS system, med andre ord ein veldig flott premie!

Intersport har også spesialpris på ein preppepakke for ski, denne inneheld utstyr for filing og preparering av alpinski. I tillegg planlegg vi eit preppekurs i Jølster skisenter i løpet av desember, meir informasjon om dette kjem seinare.

Vi håpar å sjå deg på torsdag, oppmøte frå klokka 17.00. Vel møtt!

IMG 2022intersport forde