Jølster IL Alpin deltek med fleire alpinistar på Fjor1 Alpinsamling som arrangeres på Juvass denne helga i regi av Sogn og Fjordane Skikrins. Det var ein stund usikkert om samlinga ville la seg gjennomføre grunna ein varm sommer med stor snøsmelting på Juvassbreen. Men etter væromslag dei siste vekene har det komt både kuldegrader og nysnø. 

Juvass 001

Jølster IL Alpin stiller med fleire deltakarar på den komande samlinga på Juvass til helga. Forholda ser lovande ut med melding om ein meter nysnø som falt i natt. Med temperatur rundt nullpunktet og Yr som melder om lettskya/pent vær med fare for sol, kan dette bli ein fantastisk bra skihelg. Vi ynskjer Lena, Håvard, Oscar og Kjetil god tur. 

2019 sept barmark 003

Fleire frå Jølster IL Alpin deltok fredag og laurdag på barmarksamling i Førde. Samlinga var i regi av Sogn og Fjordane Skikrins og eit samarbeid med Førde IL Alpin. Totalt var det omlag 16 deltakarar og Jølster var representert med Lena Strand, Johannes Gjerland og Oscar Ellingsund. Det vart gjennomført økter både inne og ute med stor variasjon av ulike øvelser med fokus både på styrke og kondisjon. I forbindelse med samlinga vart det organisert med overnatting for tilreisande på Slåtten Skule i Førde, noko som er medvirkande til å byggje det gode miljøet og venskapen mellom utøvarane. I tilegg til dei unge som deltok var også Fabian Bergqvist og Roger Ellingsund støttande på trenarsida under deler av  samlinga.

trekktraseen

Jølster Løypelag ønsker alle velkommen til fylkets kortaste motbakkeløp, Trekktraseen OPP. Laurdag 14. september. Lengde 1000m. stigning 220m. Konkuranseklasse start kl 16. intervalstart. Påmelding frå kl 15. Startkontingenten er kr 50 pr deltakar, kr 100 for familie. Det vert også mulighet å delta trimklasse utan tid med start kl 15--16.


Her er ingen store pengepremiar, men alle som stiller er med i trekkning av " flotte " premiar. Velkommen Trimmarar og "proffar" til løpsfest ! Inntekta går til Jølster Løypelag som har store utfordringar på løypenettet etter uveiret , Ta med deg naboen å kom!!

Arr Jølster Løypelag