Jølster Alpin ynskjer å takke Sparebanken Vest som har gitt oss 75 000 kr for tilrettelegging for alpin skileik-aktivitet til spesielt born frå familiar med anstrengt økonomi, samt barn med innvandrar-bakgrunn og «Para-idrettsbarn». No får vi midler til meir og betre Skileik-utstyr; Innkjøp av Ski og anna utstyr til utlån, samt kompetanseheving blant oss instruktører der vi no i november får sendt 5 flotte ungdomar på kurs i Skiforbundet sin regi i Snøhallen utanfor Oslo. Vi set stor pris på støtta frå Sparebanken Vest, tusen takk!

 sparebanken gave

JolsterClubLogo

Vi er nå i ferd med å sende ut treningsavgifter for kommende sesong. Dette gjør vi i spond for eksisterende medlemmer. For nye medlemmer åpner vi for påmelding via deltager.no i løpet av november. 

Mars 22 SPV 002

Det var mange barn og unge som hadde møtt opp på Jølster i går kveld då det vart arrangert Sparebanken Vest AlåinCup i samarbeid mellom Sogn og Fjordane Skikrins og Jølster IL Alpin. 

FIS 2022 001

Jølster Alpin arrangerte for 12. året på rad FIS renn i slalåm laurdag 12. mars. Knapt 40 løparar stilte til start og vi køyrde begge slalåmrenna på ein dag. Covid-19 og sammensetninga av terminlista slo nok litt dårleg ut for oss i høve til deltaking, og dette skal vi og skiforbundet sjå på til neste år. Jølster Alpin hadde 3 løparar med, Andreas Strand og Jørgen og Håvard Årøen Taklo.

strand 006

Utgangen av februar og starten av mars har bydd på eit par fine oppturar for Andreas.Andreas har dei siste åra vore ein del av regionslaget Trønder Alpin, men har også køyrt ein del Europacup med Europacuplaget. Jølsteralpinisten har hatt ein trøblete E-cup sesong men kan vise til ei ny bestenotering i form av ein 18. plass i Europacup-slalåmen i franske Vaujany. 

SPV AlpinCUP Jolster Feb 22 001

I helga blei det kjørt SPV AlpinCup med storslalåm på Jølster og det var kjekt å sjå at så mange av dei yngste hadde tatt turen for å prøve seg i storslalåmløypa. Dei fleste deltakarane var blant dei yngste klassane og for mange var dette fyrste gogn dei stod på start i eit ekte slalåmrenn.

J Taklo 003

Jørgen Aarøen Taklo har fått ein fantastisk start på vintersesongen og med imponerande resultat i fartsveka på Hafjell er han teken ut til å køyre EuropaCup på Kvitfjell 9.-11. februar.