IMG 0272 

Torsdag 7. januar blei det køyrt europacup renn i Slalåm, i Franske Val Cenis. Andreas Strand frå Jølster IL Alpin leverte to flotte omgangar og køyrte inn til ein sterk 23. plass. Med dette blei han beste Norske i rennet og fekk med seg 8 europacup poeng i samandraget.

strand 002

Nok ein gong blei Jølster IL Alpin satt på det Norske alpinkartet då det tidlegare i dag vart køyrt NM i Slalåm på Ål. Våre to fremste talent Andreas Strand og Jørgen Aarøen Taklo stilte til start og med solid køyring i første omgang kvalifiserte begge seg til finaleomgangen. 

JS Nov 19 004

Jølster IL Alpin ønsker alle som kunne tenke seg å bidra som instruktør på skiskulen eller som medhjelper på treningar og på skiskulen hjertelig velkommen. Kunne du tenke deg å være med? Ta kontakt med oss via kontakskjemaet her på heimesida, eller via facebook og messenger. For dei som deltar som instruktører på skiskulen kan tilby kompensasjon som feks gratis årskort i Jølster Skisenter.

Fonna okt 20 002

Sogn og Fjordane Skikrins arrangerte haustsamling for alpinistane på Folgefonna i samband med haustferien. Samlinga gjekk over fem treningsdagar og fleire alpinistar frå Jølster IL deltok.

Fonna001

I Jølster IL er alpenistane nå i full gang med trening og fleire var med på krinssamlinga som vart arrangert på Folgefonna sist helg. Vanlegvis har samlingane på hausten vore på Galdhøpiggen Sommarskisenter på Juvass-breen. Men grunna usikkerheit rundt snøforholda på Juvass vart samlinga flytta til Folgefonna. Det viste seg å være ein suksess og det vart gjennomført fleire økter både med slalåm, storslalåm og barmark over dei fire treningsdagane. Forholda på breen var strålande og Lena, Oskar og Even som representerte Jølster IL Alpin hadde alle stort utbytte av samlinga. I Tillegg til Jølster IL deltok også utøvarar frå Haugen IL, Førde IL og Sogndal IL.

Leki aplin

Jølster IL Alpin har i samarbeid med Leki fått til en avtale som gir medlemmer av alpingruppa 25% rabatt på hele nettbutikken på www.leki.no. Leki er som kjent produsent av diverse alpinutstyr av høy kvalitet og førstevalget blandt mange. Det er en glede å kunne dele denne nyheten nå rett før sesongstart.

trekktraseen

Haustens vakraste eventyr, Trekktraseen opp, vert arrangert i Jølster Skisenter laurdag 3.oktober 2020. Dette tradisjonsrike motbakkeløpet vart første gang arrangert i 1990 og var eit av dei første motbakkeløpa i fylket. Men ingen grunn til frykt... det er det kortaste. Med lengde på 1000 meter og ein stigning på 220 meter, passar dette løpet for alle, både born, mosjonistar og aktive.

Intervalstart frå kl 16. Trimklasse frå kl 15.30 Påmelding frå kl 15 ved varmestove i Jølster Skisenter.
Startpengar . Barn under 15 år kr 50. Over kr 70. Familje kr 100
Kontant eller vips : 127890
 
Inntekta går til å drifte Jølster Løypelag.
VELKOMMEN !