Jølster Alpin har fått ein avtale på skiklede med det i Alpin-Noreg svært populære merket Huski til sterkt rabatterte prisar. Dette er jakker av to ulike kvalitetar, samt overtrekksbukser med glidelås. Prisane er reduserte pga godt tilbod frå Huski, samt bidrag frå sponsorane til Jølster Alpin og Jølster Skisenter. Betre klede til billegare penge får de ikkje, så her er det berre å bestille! Jakkane er grøne med Jølster Alpin trykk, og det er mogleg å bestille både for born/junior og vaksne.

Det bli høve til å sjå på kleda, prøve størrelsar og bestille på følgande dagar:

  • Onsdag 10. mai kl 18-20 i klubbrommet i Jølstrahallen i forbindelse med sesongavslutning (Påmelding og meir informasjon i Spond).
  • Søndag 14. mai Drop-in kl 18-20 i klubbrommet i Jølstrahallen.
  • Måndag 15. mai Drop-in kl 17-20 Førde i kontora til Tibber 2. etg på Peak Sunnfjord

 

Det er også mogleg å sende bestilling på e-post, fyll ut vedlagte skjema og send til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Bestillingsskjema

Følgande modellar er det inngått avtale om:

 

 

Vanleg salgspris

Rabatt gjennom klubb

Medlemspris

Barn/Junior

WC Ski jacket (Grønn og svart - God kvalitet)

2400

1450

Kr 950,-

 

Jr liner hood jacket (Grønn - tynnare)

1100

750

Kr 350,-

 

Jr ski pant full zip  (Skibukse med sideglidelås heile vegen)

1400

350

Kr 1050,-

 

Fartsdress BeyondX (Jølster-logo og farger)

Ca 2000

650

Kr 1350,-

     

 

 

Vaksne

WC Ski jacket (Grønn og svart - God kvalitet)

3000

1250

Kr 1450,-

 

Sr liner hood jacket (Grønn - tynnare)

1600

750

Kr 650,-

 

Sr ski pant full zip  (Skibukse med sideglidelås heile vegen)

2500

625

Kr 1875,-

 

Huski wear er eit anerkjent merke for skiklede, og er blant anna leverandør til det svenske alpinlandslaget. Du kan lese meir om Huski og dei forskjellege kleda her: https://huskiwear.world/

telenor 002

Jølster IL Alpin avslutter årets fantastiske påske med lagsmeisterskap i alpint måndag 10. april og tysdag 11. april. Vi ynskjer alle våre aktive i treningsgruppene, alle deltakarar på skiskulen og alle føresette hjarteleg velkommen. Lagsmeisterskapen er eit svært uoffisielt renn med plass for alle i alle aldre. Påmelding skjer vi skjema som er lenka til nedanfor. Frist for påmelding er klokka 12 dagen før rennet. Oppmøte ein time før rennstart!

Lagsmeisterskap i Slalåm -  måndag 10. april kl 15:00

Lagsmeisterskap i Storslalåm - måndag 10. april kl 17:30

Lagmeisterskap i Super G - tysdag 11. april kl 18:00 

Startkontingent pr renn er kr. 50 og kan betalast med Vipps til nummer 658706, merk betaling med Lagsmeisterskap og namn på utøvar. Startkontigenten går til premiar, premiering skjer på årsmøte seinare i april.

Påmeldingsskjema: https://forms.office.com/r/a2DjGDHMn2 

Har dykk spørsmål om påmelding? Ta kontakt på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

nybyrjar diplom 2023 01

Måndag 30.01 var det siste økt for årest Enivest Nybyrjarkurs, med tilhøyrande utdeling av diplom til alle! Gjennom heile januar har det vore skiglede og meistring, det er alltid like imponerande kor fort born går frå å aldri ha stått på ski til å kunne stå meir eller mindre åleine i bornebakken. Tusen takk til alle borna og foreldre, samt frivillige ungdommar og vaksne, utan desse hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre dette kurset.
nybyrjar diplom 2023 02
Monge av borna har allereie flytta over i Gruppe A i løpet av januar, og dei resterande er velkomne til å bli med dei også. Gi beskjed i Spond, så flyttar vi bornet over i riktig gruppe. I Gruppe A vil man ha skileik, enkel teknikktrening samt frikøyring i Hauglandsheisen. For dei som framleis treng hjelp i heis og bakke, ønsker vi at foreldre framleis er med i bakken siden vi har færre instruktørar på desse normale treningane.

Minner i den forbindelse på at man må då også være medlem av Jølster IL, innmelding gjerast via https://www.minidrett.no/

SPV AlpinCup Jolster Feb 22 005

Kommande søndag, 22.01.2023, har Jølster IL Alpin har gleden av å invitere til SPV AlpinCup i Kvamsbakken samt barnerenn i barnebakken.

Det blir både Slalåm og Storslalåm, for meir informasjon og påmelding til SPV AlpinCup sjå skikrinsen sine heimseider: SPV Alpincup SL og SSL

Barnerennet startar 11:30, og dei som vil vere med kan kan sende påmelding med navn til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller bruke Min Idrett og velge klasse "barnerenn"

 

Last ned renninvitasjon her!

 

I samarbeid med Jølster Skisenter kan vi tilby alle våre medlemmar sesongkort til kampanjepris. Kampanjen gjeld sesongkort til aktive medlemmar i Jølster IL Alpin og opp til to føresatte. Prisen for sesongkort er fast, kr 1750,- pr kort. Kampanjen er tidsbegrensa, så ver rask og sikre deg sesongkort no!

Sesongkortet kjøpes online i nettbutikken til Jølster Skisenter og de finn det under fana "AKTIV JØLSTER ALPIN". Ved kjøp av sesongkortet blir alle bestillinger sjekka manuelt opp mot Jølster IL Alpin sitt medlemsregister. 

Det blir skibyttedag i varmestova til Jølster Skisenter (nede) fredag 16. desember kl. 18.00. Her blir det lagt opp til at ein kan kjøpe/selge/bytte brukt skiutstyr. Har du utstyr liggande i garajsen som du ikkje bruker lenger? Ta det med, så kan det bringe skiglede til ein ny eigar! Kom for ein hyggeleg skiprat, kaffi blir servert 🙂

Sjå Facebook arrangement for meir informasjon: Skibyttedag

IMG_1623.jpg

Årets alpinsesong er snart i gang, og vi åpnar no for påmelding!
Som i fjor vil Jølster IL Alpin i samarbeid med Enivest og Jølster Skisenter tilbyr intensiv skiskule for nybyrjarar i barnebakken på Jølster, Hauglandsheisen, og du meld deg enkelt på ved å klikke her eller i menyen til høgre!

For trening i gruppe A, B og C kan man klikke her for påmelding og meir informasjon!

Nybyrjarkurs:

Vi arrangerer intensiv skiskule for nybyrjarar og born med oppstart i januar. Skiskulen går over 6 økter fordelt på mondagar og onsdager gjennom tre veker. Målet er at borna skal oppnå grunnleggjande ferdigheter i bakken slik at dei føler seg trygge. Det vært fokus på god svingteknikk og balanse gjennom leik i bakken. I år legg Jølster Skisenter tilrette for aktivitet i barnebakken med gratis inngang. 

Alle som deltek på vår skiskule kan fortsette på treningane til Jølster IL Alpin resten av sesongen dersom dei ynskjer det etter at skiskulen er ferdig. Skiskulen vil avsluttast med Telenor Karusellrenn med premiering til alle. Det vert også diplom til alle som deltar på skiskulen.

PS: Det vil komme tilbod om kjøp av sesongkort til aktive til kampanjepris i løpet av desember.