Søndag 11.02.2024 vart det arrangert storslalåmrenn i Bjørkelia. 39 løparar stilte til start, og man fikk gjennomført to omgangar til tross for litt vind på toppen. Fleire born frå skiskulen stilte i sitt første renn, og det var stor stas å få ein skikkeleg pokal i premie! I dei litt eldre klassane imponerte løparane stort, og det er tydeleg at det er mykje skitalent i området. Det var fleire deltakarar frå andre klubbar, blandt anna Førde og Sogndal, det er alltid kjekt!

IMG 2363

Jølster IL Alpin vil takke alle deltakarar for ein flott innsats, samt forleldre og kjente som heia i målområdet, Sparebanken Vest som sponsor av krinsrenna, Sogn og Fjordane skikrins for godt samarbeid og også ein stor takk til Jølster skisenter og våre felles sponsorer.

 

IMG 2345IMG 2358IMG 2359IMG 2360IMG 2361IMG 2362