JS Nov 19 001

Laurdag opna Jølster Skisenter for testkjøring av anlegget. Siden tidleg i haust har det vore lagt ned eit betydeleg dugnadsarbeid for å få orden på snøproduksjonsanlegget, heis trase og nedfartane slik at anlegget skulle stå klart til vinteren. Etter nokre veker med kuldegradet og fine forhold for snøproduksjon kunne anlegget i helga åpne for fyrste gong. Det vart ein fantastisk remme rundt åpninga, med nydelig vær og mange skiglade born i aktivitet. Jølster IL Alpin mobiliserte med trenera og styremedlemmar for å lage til skileik i barnebakken, der det vart sett ut hopp og portar.

Laurdag var ein testdag for å få prøvd anlegget og heisane, innkjøring av dugnadspersonell og opplæring. Søndag held anlegget steng for å fortsette snøproduksjon og dosering.

Jølster IL Alpin starter opp med trening for Gruppe B og Gruppe C frå mandag klokka 18:00 og ynskjer alle hjarteleg velkommen. Påmelding til årets skiskule/treningsgruper finn du her.

Det nærmer seg skisesong og påmelding til den populære skiskulen i Bjørkelia er opna. Jølster Skisenter danner grunnlag for at skiskulen kan starte opp, med fine forhold og gode opplevingar for alle i anlegget. Skisenteret treng fleire dugnadsvakter og vi frister med gratis heiskort. Dette kortet til deg sjølv eller til eigne barn. Treng de familiepakke får de rabatt på denne tilsvarende verdien på eit årskort. Du treng ikkje å kunne stå på ski for å bidra her.

Vi treng folk til billettluka, kiosk og skiutleige. Meld din interresse til Jølster Skisenter via messenger eller direkte til Kurt Andrè Vasstein i messenger.

Sogn og Fjordane Skikrins har oppdatert terminlista for kommande sesong. Påmelding til renn skjer for det meste gjennom MinIdrett. Jølster IL Alpin dekker startkontingent for renn som ligg i terminlista. Dei fleste betales direkte av alpingruppa ved påmeldingsfristens utløp. Dei renna som ei sjølve dekker kontingenten vil denne bli refundert mot framlegg av kvittering.

Terminlista finn du på krinsens si heimeside, eller klikk deg inn her.

2019 okt juvass 004

Er du mellom 15 og 25 år, og har lyst til å bidra som alpintrenar i vinter? Då har du sjansen nå!

Jølster IL Alpin ynskjer ski interesserte og tidlegare alpinistar med som trenarar for våre treningsgrupper kommande sesong. Vi søkjer etter deg som har alpin idrettserfaring frå tidlegare og har lyst å være med i eit trenarteam for born og unge på alle nivå.

Jølster IL Alpin tilbyr honorar på kr 150,- for kvar trening ein deltar på. Du treng ikkje delta kvar veke, men for dei som deltar som trenar og/eller funksjonær ved renn meir en åtte gongar tilbyr vi sesongkort i Jølster Skisenter. 

Er dette noko for deg eller vil du vite meir? Ta kontakt med sportsleg ansvarleg i Jølster IL Alpin, Fabian Bergqvist på mobil 413 06 576 eller Roger Ellingsund på mobil 901 52 524.

Du kan også kontakte Jølster IL Alpin direkte i messenger/facebook.

2019 okt juvass 004

Dei fire alpenistane Johannes Gjerland, Oscar Ellingsund og brødrene Håvard og Kjetil Taklo har i helga nytt dagane på Sogn og Fjordane Skikrins si samling på Juvass. Forholda har vore fantastiske med strålande sol og lite vind i bakken. Dette er den andre samlinga krinsen arrangerer til no i haust og det er kjekt å sjå utøvarane komme seg ut på ski igjen etter ein lang sommar. 

2019 okt juvass 001

Fleire frå Jølster IL Alpin er til stades på Juvass denne helga i samband med Skikrinsen si samling for utøvarar i klassane U12 og eldre. Og samstundes gjennomfører Førde IL Alpingruppe si årlege Miljøsamling der vi er så heldige å få delta med dei yngre utøvarane. Med skyfri himmel, noe kalde grader og strålande sol viser Galdhøpiggen Sommarskisenter seg frå si beste side. Rett og slett fantastiske forhold, til og med vindstille. Reine påskestemninga på Noregs tak.

Juvass 001

Til helga arrangerast det to parallelle alpinsamlingar på Juvass. Sogn og Fjordane skikrins held samling for U12 og eldre samstundes som Førde IL Alpingruppe køyrer si årlege miljøsamling, der Jølster i år som i fjor er invitert til å delta.. Jølstaralpenistane deltek med omlag 6 utøvarar på samlingane som vert gjennomført 5.-8. oktober. Forholda skal etter det vi erfarer være strålande og Yr melder om strålande sol, lite vind og temperaturar rundt -5 grader.