Før påske laga vi eit skjema på nettsidene der ein kunne registrere resultater på åtte ulike øvingar. Øvingane var laga med utgangspunkt i alpinlandslagets ironman test for juniorar, men justert på ein slik måte at ein skulle kunne gjennomføre dei heime på ein koronavenleg måte. Det var ikkje veldig stor oppslutning men nokre av trenarane og alpenistane tok utfordringa. 

Lena vart beste av jentene, Even beste gut og Thorbjørn beste trenar ;)

Skjema vert ligggande på nettsidene om ein ønsker å legge inne resultater utover sommaren og mulighet for å kunne bruke dette i fremtidig barmarkstrening.

telenor 008

Det vart ein fantastisk dag i Jølster Skisenter. Sola skein og føret var fantastisk. Alt låg til rette for ein fantastisk dag då Jølster IL Alpin hadde invitert små og store til karusellrenn i barnebakken. Og for ein fantastisk dag det blei.

strand 002Fredag 21. februar stilte våre to FIS-løparar til start i FIS-renn på Vassfjellet. Og etter å ha kjørt solid i førdte omgang endte det til slutt med siger til Andreas Strand, og sesongens beste punktrenn for Jørgen Aarøen Taklo. 

J Taklo 003

Helga 28. februar til 1. mars er det duka for Europacup i Alpin på Kvitfjell. På start har Jølster IL Alpin, Jørgen Aarøen Taklo, som med sin sterke utvikling gjennom sesongen er teken ut til å debutere og representere Norge i sitt første Europacup renn. Vi har vore i kontakt med Jørgen og spurt han kva tankar han har gjort seg rundt uttaket, sesongen og vegen vidare.

2019 okt juvass 004

Sogn og Fjordane Skikrins og Saogndal IL Alpiin inviterer til både alpinsamling og renn kommande helg i Sogndal Skisenter, Hodlekve. SPV Alpinsamling vert arrangert laurdag 15. februar for U12 (f.2009) og eldre, med fokus på SL/SSL. Påmeldingfristen for samlinga går ut i dag 10. februar. Så vær snar og meld deg på i dag. For meir informasjon og påmelding klikk her! eller sjå skikrinsen si nettside.

Søndag er det duka for SPV AlpinCup. rennet er åpent for alle aldersgrupper og vi oppmoder flest mogleg til å melde seg på og støtte opp om arrangementet. Rennet er også kvalifiseringsrenn til Hovudlandsrennet og Telenorleikane 2020. Rennstart er satt til søndag klokka 11:00. For meir informasjon og påmelding klikk her! eller sjå skikrinsen si heimeside.

Innbyding til rennet kan du laste ned her!.

Taklo Strand 001 

Våre to FIS-løparar fortsetter å imponere med resultat. Jørgen Arøen Taklo gjorde karrierebeste under «Fartsuken» på Hafjell med to sterke plasseringar i utfor. Han kjem med dette til å klatre ytterlegare på verdsrangeringa med eit byks frå 600 opp til 425 beste i verda. 

Andreas Strand har også kjørt sterkt i år og fekk sin første FIS-siger for sesongen i svenske Bjørnrike, då han knuste konkurrentane og vann med eit og eit halvt sekund under slalåmrennet der. Han fekk med dette med seg 26,43 FIS-punkt som for Andreas også er karrierebeste. Med dei sterke resultata vart Andreas teken ut til europacupen i slalåm i Sveitsiske Jaun.

JS Telenor 002

Grunna usikkerheit om vær og føre har Jølster IL Alpin desverre måtte avlyse den planlagte Telenorkarusellen torsdag 30.01.20. Vi håper på kaldere og bedre vær slik at vi kan arrangere dei kommande karusellrenna som planlagt 11.02 og 23.02.