I kveld vart det arrangert eit strålande SPV Alpincup-renn i storslalåm som trakk til seg over 40 deltakarar, dei yngste heilt ned til 5-årsalderen. Det vart ein flott vinterkveld på Jølster, og forhalda i bakken var fantastiske sjølv om det blei nokon kalde tær! 

IMG 2330

 

Alle deltakarar imponerte stort, kanskje spesielt dei yngste som køyrde ned Kvamshenget lett som berre det! Her var det mykje skiglede og meistring, og det er alltid kjekt å sjå.

Jølster IL Alpin vil takke Sparebanken Vest som sponsor av alpincupen, Sogn og Fjordane skikrins for godt samarbeid og også ein stor takk til Jølster skisenter og den fantatastiske jobben som var gjort med prepareing av løypa.

Hugs og at det to skirenn i Sunnfjord i helga:


Slalåmrenn i Blomlia på Laurdag - https://isonen.no/event/clqw3n0wr0l3uo91ovfgkfrwo/

Storslalåm i Jølster på Søndag - https://isonen.no/event/clqw3xwpa0llplizv3z0q9yx7/

 

 IMG 2331

IMG 2332

IMG 2334

IMG 2335