Telenor 2020 001

I kveld er det duka for skileik i Barnebakken. Dette er kjekt for borna, men vi ønsker også å invitere inn foreldra. Vi får besøk av Tonje frå Sogn og Fjordane Skikrins for å bidra med inspirasjon og kompetanse. Alle born og foreldre som kunne tenke seg å prøve ein kveld med alpin er hjarteleg velkomne!

 

Det vert fokus på to hovedtema:

Skiaktivitet - praktisk økt med gode tips til artig aktivitet for barn og med bruk av utstyrspakke for skileik

Skiarrangement - praktisk økt med tips i korleis lage til attraktive arrangement for barn (alpint eller på tvers av skigreiner)

Målgruppe for kvelden er ikkje berre borna som står på ski, men trenarar, foreldre og ungdom. Det er eit ønske frå Jølster IL Alpin at flest mogleg av foreldra også er aktive i bakken i dag. Vi har eit håp om også å engasjere foreldre slik at gjennomføring av leiken og aktiviteane i bakken blir ein kjekk stund både for foreldre og born saman. For oss er det viktig å engasjere inn foreldra slik at dykk også følger dykk trygge som medhjelparar i bakken under gjennomføring av treningane.

Krinsen set meir en gjærne opp enkle trenarkurs i klubben om det er nokre vaksne eller ungdommar som kunne tenke seg å lære litt meir om alpin og enkle metodar som kan bidra til å gjære deltaking på treningar enklare og tryggare.