I går, 06.03, vart det arrangert Skisprell i Hauglandsheisen i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins. Det var nydeleg ver og det vart satt opp løyper med litt ekstra element i forhold til det vi har hatt på trening til vanleg. Spesielt populært var det med orgeltramp, det var ein skikkeleg utfordring for balansen!

Vi har ikkje tal på kor mange som møtte opp, men det var fleire nye fjes og både små og store søsken som ikkje pleier å vere med. Vi håpar nokon av dei blir med på trening vidare og til neste sesong!

Det vart servert pølsar, saft og marshmallows til alle som ville ha, og det vart grilla og spist 100 pølser! :)

1d1909f3 9f7e 4ecc 96a1 7964d75e6055

IMG 2509

IMG 2506