I samarbeid med Førde IL Alpin har vi gleden av å invitere til miljøsamling for dei yngre alpenistane. Samlinga vært i år som sist år på Juvass ved foten av Galdhøpiggen 5. - 8. oktober, første helga av haustferien. 

Miljøsamlinga er eit lågtærskel tilbod med fokus på det sosiale, samhold og miljø. Målet med samlinga er å gi dei yngre alpinistane muligheit til å delta på samling samstundes som dei får være i lag med felire og tid til å bli betre kjent med kvar andre. Det er lagt opp til fire dagar på ski. Overnatting vert etter planen på Raubergstulen. Meir informasjon kjem om kort tid og blir oppdatert her på nettsidane og på facebook.

Påmelding til samlinga gjær ein direkte på Førde IL Alpin si facebookgruppe (be om tilgang om du ikkje kjem inn på innlegget).

Video fra Miljøsamlinga 2018

https://youtu.be/i2D2FVrxWK8